Tidsskrift for norsk tegneserieliv

Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserieutgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives og redigeres av Trond Sätre. Serienett er støttet av Norsk Kulturråd og Bergen kommune. Har du tips? Send e-post til trond@serienett.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante meningsutvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

VEKSELSTRAUM (30.04.12 )

Vi måler spenninga i Lilleengs Generator.

Av: Knut Robert Knutsen

SerieNoreg har venta i spenning på Sigbjørn Lilleengs Generator, den første lengre serieromanen han har gjort solo. Fjorårets Apefjes med Tor Erling Naas som forfattar vart godt motteken, kva så med denne?

Stilistisk ligger denne nærare opp til hans kortare Nebelgrad Blues-historiar, i svart-kvitt med nydeleg bruk av klassiske raster og personlege scener som ikkje ville ha vore malplassert i historier om rotlause unge menneske i storbyen (vel, storby i norsk målestokk).

Men for all del, dette er ein science-fiction historie, med ein sentral, mystisk sci-fi McGuffin og nokre Kråkemenneske som til tider synast å vere ein slags politi og til tider ein mislikt minoritet. Trekk av teiknestilen og forteljinga vekker assosiasjonar til meir vaksne manga serier med grovare strek og røffare tema, utanfor den glatte estetikken til tyggegummi-pop anime-serier. Og det er ein god ting.

Hovudpersonen Birk er arbeidar på fabrikken til den mystiske og kontroversielle Gina Z og etterkvart vert han involvert i eit plot om å stele ”hjartet” i generatoren som driv fabrikken. Stort meir er der ikkje ved den delen av historia. Det som er interessant er dei meir personlege situasjonane han kjem inn i på sida av dette som etterkvart kjem inn i hovudtråden.

Når det er sagt, så sjølv om Lilleeng er flink på å skape visuelt interessante karakterar, planleggje konfliktar og uttrykkje kjensler og action i scenene så er mange av scenene i boka dramaturgisk svake. Konfliktar dukkar opp og vert forklart mykje i eksposisjonsdialog eller veldig enkle monologaktige situasjonar. Der er lite fram og tilbake med emosjonell eskalering, avdekking av informasjon og skifte av balanse mellom karakterane i scenene, sånn at dei framstår som litt påklistra.

Karakterane i boka er som sagt veldig interessante visuelt, men der er ein mangel på nyansar, nerve eller dynamikk i måten dei opptrer i historia. Ein får ikkje inntrykk av at konfliktane oppstår på grunn av legitime motsetnader mellom karakterane eller ein indre driv, men heller fordi plottet krev det. Informasjonen som ligg under synast god, men måten den kjem fram på lever ikkje opp til potensialet.

I forhold til Nebelgrad Blues, så er Generator eit stort løft både på teikning og manus, plottet fungerer sjølv om det er enkelt, og historia er ganske underhaldande, om litt vel overflatisk. Men det er og openbert at Lilleeng treng å forbetre seg ein del på manusfronten.

Generator
Av: Sigbjørn Lilleeng
ISBN 978-82-92226-21-6
196 sider
pris kr 250,-
Jippi Forlag

divider
  1. All ære til Sigbjørn for en flott serie. Og ikke minst Jippi, som så vidt jeg vet for første gang utgir science fiction – en sjanger de vel ikke har villet ta i med ildtang før, om jeg ikke er helt på bærtur?


    Lien    1. May 2012, 11:25    #
  2. Da fikk jeg omsider lest Generator selv. Jeg likte ikke Apefjes, så dette var en dessto større opptur. Jævlig bra. Jeg overtalte sjefene mine på Norli i Trondheim til å ta inn to eksemplarer av boka for salg hos oss, og de kom på torsdag. Samme dag ble begge solgt (jeg kjøpte den ene selv). Men nye vil bli bestilt opp.


    Arne Bye    12. May 2012, 09:14    #
  Textile Hjelp

<- Eldre | Nyere ->

Siste kommentarer
Kristian Hellesund (LEGENDENS VEI VIDERE)
Herbert (LEGENDENS VEI VIDERE)
Knut Robert Knutsen («BANG-BANG – YOU’RE DEAD!»)
Hg («BANG-BANG – YOU’RE DEAD!»)
Ipcomics («BANG-BANG – YOU’RE DEAD!»)
Jostein Hansen (NASJONALE PRØVER OG TEGNESERIER I GRUNNSKOLEN)
Jostein Hansen («BANG-BANG – YOU’RE DEAD!»)
Frank Flæsland («BANG-BANG – YOU’RE DEAD!»)
Jostein Hansen («BANG-BANG – YOU’RE DEAD!»)
*arild* («BANG-BANG – YOU’RE DEAD!»)