Serienett

Siste nytt om norske tegneserieutgivelser og mye mer...







Om Serienett

Serienett gir deg siste nytt om norske tegneserieutgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter. Nettsiden drives av Laksevåg forlag, og Trond Sätre er kst. redaktør. Serienett er støttet av Norsk kulturråd og Bergen kommune. Har du tips? Send e-post til trosetre@online.no. Sjekk også ut Serienett på Facebook. En del stoff publiseres kun der, og det er til stadighet gode og interessante meningsutvekslinger om tegneserier på Serienetts Facebook-gruppe.

Søk i Serienett

RSS / Atom

Annonser































HYPERTENSJON: 150 OVER 100 ( 7.06.12 )

Høgt trykk for Pondus i vår svorske helsesjekk.

Av: Knut Robert Knutsen

Pondus nummer 5 i år var det 150nde i rekka, samstundes som søta bror kom til Pondus nummer 100 med årets fjerde nummer. Her på Serienett fann vi difor ut at vi skulle samanlikne litt.

Der er sjølvsagt ein del forskjellar, men la oss først sjå på likskapane:

Seriane vi finn i båe hefta er dei norske seriane ”Pondus” av Øverli (sjølvsagt )og ”Lunch” av Børge Lund samt dei svenske seriane ”Mitt Walter Ego” av Walter Kurtsson og ”Carpe Diem” av Niklas Eriksson. I det norske bladet er desse svenske herrene denne gongen berre representert ved sine gratulasjonsteikningar til det svenske 100-nummers-jubileet.

”Pondus” og ”Lunch” er som vanleg imponerande gode og Kurtsson … han er til tider så intenst og seriøst poenglaus at han gir Andy Kaufman solid konkurranse. Javisst, eg ler. Eg ler mykje. Kvar einaste gong. Men kvifor, det må fuglane vite. ”Carpe Diem” er ein merkeleg einrutar med mykje mørk humor levert med lyst humør.

Kun i det norske bladet finn vi mellom anna:

Serien ”Hjalmar” av Nils Axle Kanten, som vert høgtideleg presentert som årets Pondusprisvinnar (http://www.serienett.no/article/1332/kanten-vant-pondusprisen). Pondusprisen er Frode Øverli sin måte å seie ”Eg likar serien din. Her er mykje pengar, lag meir.” No har han jo sikkert både StrandComics og Egmont med på laget, for Egmont gir ut eit eige hefte med Kantens andre serie, ”Firekanta” samstundes, men det er Øverli som er andletet utad.

I tillegg har vi serien ””Kampen Park av Stein Hove, med sin beiske forholdshumor under det sjarmerande ytret til to homofile ekorn (vi visste vel alltid at der var noko med Snipp og Snapp). ”Zofies Verden”, som ein elskar eller hatar som vanleg (eg for min del synast det er herleg å hate, hate akkurat denne. Usj. ).

Einruteren ”Helt Nils” av Nils Ofstad er grei å småhumre til og ”Rocky” av Martin Kellerman er som vanleg morosam med sine Seinfeldske kvardagsobservasjonar, men Rocky er vel best når ein får han i større doser, med lengre forteljinger slik at ein får sjå situasjonane utfolde seg meir og ein ser dei uunngåelege kontrapunkta stripene imellom.

”Radio Gaga” har ein av sine årsbeste sekvensar i akkurat dette nummeret. Javel, håplaus vordande pappa på fødestue, det har vi sett før i utallige komediar, alltid over same lest og alltid morosamt, men Øyvind Sagåsen gir oss god tilfart, uklanderleg stil og støtt nedslag med ein god del ferske poeng innimellom. Dette er eit skikkeleg høgdepunkt i elles godt pakka blad. Respekt.

På toppen av dette har Pondus ein 52-siders seksjon der dei gir små smakebitar frå kvart einaste Pondushefte som har vore utgjeve Ein flott hyllest til bladets historie og ein god oversikt over hendingar i både hovudserie og biserie.

Og så er der jo (kremt) utlysing av årets Teikneseriekonkurranse med deadline 5. August som ein kan finne informasjon om på Pondus.no. Serienett har og hatt ein sak tidlegare spesielt om seriekonkurransen som de kan finne her (http://www.serienett.no/article/1341/seriekonkurranse-2012)

I det svenske Pondusbladet finner vi ein god del norske serier som for oss nordmenn nesten kjennast som ”innlånte”. Der er ”M” av Mads Eriksen, ”Lindström” og ”Wumo” (her framleis ”Wulffmorgenthaler”) frå M-bladet. ”Kollektivet” av Torbjørn Lien og så ”Inrutat” (”Rutetid”) av Øverli , ”Uppkast” av Lars Lauvik og ”Skavlans Ark” (av Fredrik) innlånt frå nettopp Rutetid.

Det er litt merkeleg no å sjå så mange ”headlinere” som back-up band til Frode Øverli. På eit vis så er det noko mykje meir intenst med eit blad som er så solid stappa med norske toppseriar og i byrjinga så er det jo skikkeleg kult. Men paradoksalt nok er det slik at sjølv om det her er ein pose stappfull av godisar, så gjer samansettinga av hovudserie/biserie at ”M” og ”Kollektivet” ved nærare refleksjon trer tydelegare fram i sine eigne blad.

Serien ”Bitter” av Henrik Pettersson og Jonas Jepson er ein tung og nettopp bitter svart-kvitt serie som i tone og perspektiv minner sterkt om den nesten suicidalt depressive og kolsvarte humoren i Franquins Sorte Sider. Ein solid ganerensar før desserten som her består av Kollektivet.

Som jubileumsmateriale så har dei her brukt dei mange spitstripene mellom Frode Øverli og Mads Eriksen, Lise Myhre, Arild Midthun og Lars Lauvik. Eit ganske godt oppsummert lite stykke, med litt ekstra relevans då Mads Eriksen og Lars Lauvik iallefall er tilstade i same bladet. I tillegg så har dei kome med spitstriper som nemnt av Niklas Eriksson, Walter Kurtsson, Lindstrøm, Biller (frå M-bladet) og Thomas Olsson (”Rogert”)

Den norske Pondusprisen kom jo litt som julekvelden på kjerringa, men i dette bladet er det solid annonsert at den svenske Pondusprisen vert utdelt på Stockholm Internationella Seriefestival 2012, som går 26-29 April. Som kjent så gjekk denne til Lina Neidestam, skaperen av serien Zelda som no er ny i Dagbladet og grundig presentert her:

http://www.dagbladet.no/2012/06/07/kultur/litteratur/bok/tegneserier/linda_neidestam/21943172/

Forøvrig ser det ut som ein flott og bitande morosam serie, og vi får sjå korleis den utviklar seg i Dagbladet og eventuelt om den dukkar opp i eit norsk seriehefte med tida.

I tillegg er der ei flott ”Pondus-Zombie” stripe av Jimmy Wallin, ein mann som eg ikkje hadde høyrd om før men som er ein framifrå teiknar med eit (frå det eg kan sjå) imponerande resymè og ei evne til å ta andre serieskaparar på kornet som er på nivå med vår alles Arild Midthun.

For å oppsummere, mykje bra i båe hefta. Eit par interessante svenske serieteiknarar som eg håper vi får sjå i norske hefter etterkvart. Norske seriar er etter alt å døme godt representert i Sverige gjennom dette bladet, og Sverige har sjølvsagt mange gode talent som vi framleis ikkje har sett noko til.

Pondus 150 (norsk)
Frode Øverli med diverse
100 sider
Kr 59,50
Egmont Serieforlaget

Pondus 100 (svensk)
Frode Øverli med diverse
68 sider
45 kroner
Egmont Kärnan

divider
  1. Jeg må her tillate meg å komme med et lite hjertesukk:

    I den senere tid har Egmont latt være å oversette svenske serier til norsk. Om det er latskap eller at de ikke finner gode norske talemåter, vet jeg ikke. Dette er en uting, på linje med “svorsk”! Den svenske versjonen av seriene er jo allerede tilgjengelig fra Sverige, så skjerp dere, utgivere!

    PS: Om dere har problemer med oversettelsen, kan det være en i de å prøve med nynorsk? Det er mange vendinger og talemåter som kan minne om svensk der…


    Frank Flæsland    9. June 2012, 19:41    #
  Textile Hjelp

Siste kommentarer
Arild W. (PINLEGE MINNER)
Frode (PINLEGE MINNER)
Jostein Hansen (SJEFEN I STAVANGER )
Bjoulv (VERDENS STERKESTE GUOVŽA)
Bodil Revhaug (VERDENS STERKESTE GUOVŽA)
Arild W. (VERDENS STERKESTE GUOVŽA)
IpComics (HoF 47: TREKKFUGLAR)
IpComics (HoF 47: TREKKFUGLAR)
Bjoulv (VERDENS STERKESTE GUOVŽA)
Kristian Hellesund (TETT PÅ SPROING)